Hamar dialekt- og mållag

Støtt Hamar dialekt- og mållag med Grasrotdelen frå Norsk Tipping!

Bruk org.nr.:
998 010 381
Grasrotandelen

eller støtt laget direkte på kontonr.:
1503.26.91959

Vedtekter for Hamar dialekt- og mållag

Med utgangspunkt i Mønsterlov for lag i Noregs Mållag

Vedtekne på stiftingsmøtet 14.02.2012.

§ 1
Hamar dialekt- og mållag har til føremål:
a) å samle målfolk i Hamar og omland til aktivt arbeid for ei reell likestilling av dei to målformene våre på alle område med spesielt fokus på det nynorske målet,
b) å auke kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre
c) å styrkje grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen og verne om miljøet i Hamar og omland med utgangspunkt i eit hedmarksperspektiv og dei ulike dialektane som er representerte i området.

§ 2
Hamar dialekt- og mållag skal vere innmeldt i Noregs Mållag gjennom fylkesmållaget Austmannalaget, med dei rettar og plikter eit lokalt mållag har.

§ 3
Arbeidsåret følgjer kalenderåret. Laget held årsmøte innan utgangen av februar, kunngjort minst to veker på førehand. Omframt årsmøte blir halde dersom styret vedtek det eller minst ¼ av medlemmene krev det.

§ 4
Årsmøtet godkjenner årsmeldinga og rekneskapen, fastset årspengane og vedtek eit arbeidsprogram. Røysterett på årsmøtet har dei som har betalt årspengar for året som var.

§ 5
Årsmøtet vel kvart år:
a) leiar
b) 2 (eventuelt 4) styremedlemmer og eventuelt 1-2 varafolk.
c) utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Mållag. Prinsipielt kan kvar av styremedlemmene representere Hamar dialekt- og mållag på fylkeslagsmøtet eller på landsmøtet i Noregs Mållag. Representanten vil bli bestemt i kvart enkelt tilfelle ut frå tid og interesse.

§ 6
Styret vel seg imellom nestleiar og eventuelt andre funksjonar (t.d. skrivar, kassastyrar), og står for det daglege arbeidet mellom årsmøta. Styret er vedtaksført når det er innkalla på vanleg måte og minst 3 styremedlemmer eller varafolk møter, mellom dei leiar eller nestleiar.

§ 7
Laget er å rekne som nedlagt når det kjem ned i eit medlemstal på under 10. Fylkeslaget kan dessutan rekne laget som nedlagt dersom det 3 år på rad ikkje blir halde årsmøte og sendt årsmelding.

§ 8
Dersom laget blir nedlagt, skal styret i fylkeslaget ta hand om møtebøker og anna eige. Dersom nytt lag blir skipa og tilmeldt Noregs Mållag innan 5 år etter nedlegginga, skal eiga gå attende til det nye laget. Går det lengre tid, eig fylkeslaget det som er.

§ 9
Framlegg til endring i vedtektene må vere kjent for medlemene minst to veker før årsmøtet. Dersom eit framlegg til endring av §§ 3-8 får 2/3 fleirtal, er det vedteke. For å endre §§ 1, 2 og 9 krevst samrøystes vedtak.